EKSTERN
utlyser

Åpen invitasjon til kunstnaren – Meldt din interesse! Kunstprosjekt ved Fjordane folkehøgskule

Kunstutvalget til Fjordane folkehøgskule inviterer kunstnarar til å sende inn søknad om å utvikle eit nytt kunstverk til skulen sitt område.

Sophus Lie

Vi søkjer særleg kunstnarar med interesse for matematikk og matematiske strukturar, då kunstverket skal vere inspirert av Sophus Lie og hans arbeid innan geometri og transformasjonar. Prosjektet ønskjer å utforske møtet mellom kunst og matematikk – mellom det estetiske og det strukturelle, mellom intuisjon og system.

Kunstverket kan vere både to- og tredimensjonalt, og vi oppmodar til frie og nyskapande tolkingar av temaet. Det kan arbeidast med form, rørsle, symmetri, mønster, rom, relasjonar eller andre aspekt som kan knytast til Lie si forsking og tankeverd.

Kunstutvalget ønsker forslag som:

  • viser ein tydeleg kunstnarisk idé og refleksjon og materall
  • knyter an til matematikk på ein utforskande eller konseptuell måte
  • tek omsyn til plassering og omgjevnader ved skulen

Søknaden bør innehalde:

  • Kort prosjektbeskriving (idé og konsept)
  • Skisser eller visuelle referansar
  • Førebels budsjett og tekniske behov
  • motivasjon

Send til saskiaburleson@fjordane.fhs.no

Prosjektet skal bidra til å skape refleksjon, undring og samtale blant elevar og tilsette og andre gjester, og vere eit varig kunstnarisk innslag i læringsmiljøet og fellesskapet vårt.

Kunstutvalget skal gå gjennom innsendinga og ta et valg i løpet av september 2026.

Kunstverket må våre ferdig plassert innan 10. mars 2027.

Kva vi tilbyr:

Kr. 100.000 inklusiv alt. (honorer, materialutgifter og eventuelle transport kostnader).

Frist for å melde interesse din:

15 August 2026

Praktisk informasjon

  • Kunstnaren må være selvstendig og ansvarleg for planlegging, gjennomføring.
    • Vi tilbyr tilgang til grunnleggende verktøy og teknisk utstyr – detaljert oversikt gis ved prosjektstart.

Ved spørsmål ta opp kontakt ved kunstlærer og kunstkonsulent Saskia Burleson: saskiaburleson@fjordane.fhs.no

 

Kunstutvalget:

Silvia van Hesik Førde, rektor Fjordane Folkehøyskule

Saskia Burleson, kunstlærer/ kunstkonsulent

Øystein Høyvik, prosjektleder

 

Fylke

Vestland

Prosjektadresse

Skulevegen 32
6770 Nordfjordeid
Vestland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Fjordane folkehøgskule

Utlysers adresse

Skulevegen 32
6770 Nordfjordeid

Kontaktperson

Saskia Burleson

Telefon

48238496

Prosjektbudsjett

100 000 NOK

Søknadsfrist

15.08.2026