Oppdragsportal

I oppdragsportalen finner du utlysninger både fra KORO og fra eksterne utlysere.

Om portalen

Gjennom Oppdragsportalen til KORO kan offentlege og private aktørar lyse ut kunstrelaterte oppdrag til kuratorar, konsulentar og produsentar. Ved å bruke denne tenesta kan oppdragsgivaren nå ei rekke fagpersonar over heile landet, og ta imot og behandle søknader på ein enkel måte. Utlysingane er samla på ei eiga side i portalen.

Dei som lyser ut oppdrag fyller sjølve ut og redigerer prosjekt- og profilsidene sine. Dette sikrar mest mogleg oppdatert og relevant informasjon i portalen.

Oppdragsportalen skal fungere som ein marknadsplass for alle aktørane i feltet. Alle som vil lyse ut oppdrag, kan registrere seg som brukarar, for eksempel kommunar og fylkeskommunar, privatpersonar og andre private aktørar.

Utlysing av oppdrag:

– Ein kan lyse ut oppdrag ved å opprette ein brukar og publisere ein utlysingstekst med relevant informasjon.

– Oppdragsgivaren kan enkelt lese, skrive ut, behandle og svare på innkomne søknader i Oppdragsportalen.

– Ein kan vidaresende kopi av søknadene automatisk til postmottaket til mottakaren slik at dei blir arkivert.

Søke på oppdrag:

–Alle kan søke på oppdrag via utlysingssida. CV og kontaktinformasjon blir automatisk sendt frå profilsida til søkaren over til oppdragsgivaren, og må bli følgd av ein motivasjonstekst for kvart enkelt oppdrag.

Oppdragsportalen skal omstrukturerast i 2026, og det er derfor ikkje mogleg å søke opptak til det tidlegare nettverket for kunstnarar og kuratorar. Meir informasjon kjem på nyåret.