Høgskolen i Østfold Remmen, kontorbygg

Kunstnarane Inga Sund Hofset og Linda Lerseth utforskar visuelt det grunnleggjande omskiftelege ved tilværet.

Shifts (1,2,4,5,6,9), Inga Sund Hofset. Fotograf: Audar Kantun

Om prosjektet

I samband med at Høgskolen i Østfold si avdeling på Remmen i Halden er utvida med ei ny kontorfløy, er det kjøpt inn måleri av Inga Sund Hofset og skulpturar av Linda Lerseth.

Seks måleri frå Inga Sund Hofset (NO) sin serie Shifts (2017) utforskar havet som motiv. Tittelen viser til det skiftande både i utsjånaden til havet og i korleis opplevinga av måleria kan variere avhengig av når ein passerer dei. Uttrykket i måleria er abstrakt. Det er som om målingsstrøka finn sine eigne vegar over lerretet og innimellom insisterer på å vere berre måling på ei todimensjonal flate. Dei ulike blåtonane vekslar mellom det symboltungt figurative og det ekspressivt abstrakte.

Også arbeida til Linda Lerseth (NO) tematiserer at alt rundt oss er i konstant endring. I dei to skulpturane som er kjøpt inn til høgskulen, har ho tatt utgangspunkt i at det på molekylært nivå skjer ei utskifting av partiklar mellom alle flater og materiale som er i kontakt med kvarandre.

I prosessen med verket Usurped Composition: Landscape, Flowers, Lemon (2017) har kunstnaren plassert ei samling objekt på stålplater for så å helle på saltvatn og eddik. Over tid har objekta rusta fast og etterlate avtrykk i platene.

Også i skulpturen Ensnared Surrogate 1 (2017) er fargar og struktur blitt til som følgje av kjemiske reaksjonar mellom objekt og underlag. I tillegg heng avstøypingar av andre objekt i lenkjer mellom slanke stenger. Skulpturen har eit leike og musikalsk uttrykk som gir hint til både barnehagelærarutdanninga og musikkavdelinga ved høgskulen. Bruken av kjemiske reaksjonar som oppstår i møter mellom ulike material kan ein òg knyte til at høgskulen forandrar og set sitt preg på studentane gjennom utdanning og sosiale møte.

Inga Sund Hofset (f. 1983) og Linda Lerseth (f. 1984) har begge mastergrad frå Kunstakademiet i Oslo og bur i Oslo.

Detaljer

Adresse

Bra Veien 4, Remmen, Halden

Fylke

Viken

Kunstnere

Inga Sund Hofset
Linda Lerseth

Ferdigstilt dato

15.01.2018

Kunstfaglig prosjektleder

Stine Arnet Høyem

Kurator

Jenny Kinge

Mottakerrepresentant

Henrik Biørnstad , HiØ

Arkitektkontor

SG Stenseth Grimsrud Arkitekter AS

Byggherre

Bjarni S. Einarsson , Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

Oppdragsbrev


Innstilling kurator


Kunstplan godkjent


Kunstprosjekt ferdigstilt


Offisiell åpning av bygg og kunst