To oppdrag som kunstkonsulent for Fylkeshuset i Bergen

På vegne av Vestland fylkeskommune utlyser Hordaland kunstsenter oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar og kunstfagleg rådgjevar til det nye fylkeshuset i Bergen.

Søknadsfrist er 23. november 2020.

Vestland fylkeskommune søkjer kunstfaglig prosjektleiar og kunstfaglig rådgjevar til det nye fylkeshuset i Bergen.

Kunstfagleg prosjektleiar vil fungere som leiar av kunstutvalet, der representantar frå Vestland fylkeskommune (Eigedomsavdelinga og Avdeling for kultur, idrett og inkludering), arkitekt, og ein brukarrepresentant oppnemnt av dei tillitsvalte i fylkeskommunen vil være representert.

Stillinga som kunstfagleg rådgjevar er mellom anna oppretta for å nytte høvet til å styrke den kunstfaglege kompetansen i fagmiljøet. Nye kunstkonsulentar med trong for erfaring vert oppmoda til å søke denne stillinga. Kunstfagleg rådgjevar har møte- og talerett i kunstutvalet, men ikkje stemmerett.

Kunstfagleg prosjektleiar og rådgjevar sine honorar/godtgjersle kan utgjere om lag 20% av  det totale kunstbudsjettet.

Kunstfagleg prosjektleiar og kunstfagleg rådgjevar må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Arbeidet i kunstutvalet vil starte så snart som mogleg.

Det er satt av 6,5 millionar kroner til kunstprosjektet.

Om prosjektet

Det nye Fylkeshuset i Bergen vil stå ferdig til årsskiftet 2022-2023. Dei overordna måla for fylkesbygget er fleksibilitet, betre arbeidsmiljø og helseeffektar, samt økt samhandling og samarbeid.

Huset vil romme arbeidsplassar for 1100 personar, fylkestingssal og store fellesareal, som konferanserom, møterom og uteareal. Bygget vil bestå av to tårn på 13 respektive 11 etasjer og eit mellombygg som mellom anna vil romme fylkestingssalen. Første etasje blir opna mot byen, med store glasflater og innsyn til mye av aktiviteten på innsida.  Fylkesadministrasjonen vil nytte det søndre tårnet, medan det nordre tårnet vil leigast ut.

Fylkestingssalen symboliserer hjartet i fylkeskommunen, og er institusjonen sitt offentlege ansikt. Salen er løfta opp og har utsyn over byen, samtidig som dei omliggande byområda har direkte innsyn til salen.

Bygget er eit såkalla passivhus med energieffektive installasjonar. Dei to øvre taka vil ha solcelleanlegg, som vil produsere meir enn 100 000 kWh/år. Huset vil også få hagar i to av etasjane mellom tårna. Dei to hagane er utforma som abstraherte kart av dei to fylkeskommunane som no er slått saman, og skal innehalde planter frå hele den nye regionen.

Faktaopplysningar

Storleik/areal: 27 000 kvadratmeter, to tårn på 13 respektive 11 etasjar

Brukarar: Vestland fylkeskommune sin administrasjon, fylkestinget, leietakarar. Total kapasitet er 1100 personar, inkludert leietakarar. Vestland fylkeskommune skal ha det søndre tårnet på 13 etasjar, nordre tårn på 11 etasjar skal leigast ut

Utbygger: LAB entreprenør, NSW arkitektur, HUS arkitektar, arkitektgruppa Cubus, IARK (interiørarkitektur) og Sweco (rådgjevande ingeniørar)

Ferdigstilling: årsskiftet 2022-2023

Prosjektkostnad: 588 000 000

Sum kunstprosjekt: 6 500 000

Fylke

Vestland

Prosjektadresse

Agnes Mowinckels gate 5
5008 Bergen
Vestland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Hordaland kunstsenter

Utlysers adresse

Klosteret 17
5006 Bergen

Kontaktperson

Petra Rahm

Telefon

98699454

Prosjektbudsjett

6 500 000 NOK

Søknadsfrist

23.11.2020