Oppdrag som kunstkonsulent: Førdepakken
Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Sunnfjord kommune oppdrag som kunstkonsulent for kunstprosjekt knytta til utvalde vegprosjekt og byrom i ”Førdepakken”.

Førdepakken er eit bompengeprosjekt i Førde by der det skal byggast nye gater, fortau og sykkelvegar. Saman skal dette danne grunnlag for god byutvikling, der å gå og sykle vil vere ein føretrekt måte å komme seg fram i byen. Fleire gater og betre vegar vil gje betre flyt i trafikken i Førde sentrum. Målet er at Førdepakken skal løyse utfordringar både for biltrafikken, dei mjuke trafikantane og bygge eit Førde for framtida. www.fordepakken.no
Styret i Førdepakken har løyvd midlar til kunstnarleg utsmykning i samband med nokre av tiltaka i Førdepakken. Det er sett av ei ramme på 2,2 mill. kroner til planlegging og gjennomføring av desse.
Dei mest aktuelle områda er:
Tiltak 8: Naustøyna-Storehagen ( 2 byrom/plassar eit på kvar side av elva Jølstra). www.fordepakken.no/kva-er-fordepakken/delprosjekt/tiltak-8-naustoyna-storehagen-gang-og-sykkelbru/
Tiltak 12: Området Langebruvegen-Førde omsorgssenter
www.fordepakken.no/kva-er-fordepakken/delprosjekt/tiltak-12-indre-oyrane-langebruvegen/
Tiltak 14: Området ved rådhuset/Pikant og Kardemomme (Hafstadvegen).
www.fordepakken.no/kva-er-fordepakken/delprosjekt/tiltak-14-e39-fjellvegen/
Nokre andre tiltak òg vere aktuelle.
Kunstfagleg prosjektleiar vil leie kunstutvalet, som består av representantar for Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF), Sunnfjord kommune, prosjektleiar / byggeleiar Førdepakken.Kunstkonsulent må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
Arbeidet i kunstutvalet vil starte så snart som mogleg. Planleggingsfasen av prosjektet skal ferdigstillat innan 01.04.2023. Tidspunkt for ferdigstilling av kunstprosjektet vert fastsett i dialog med kunstutvalg/prosjektleiar i Førdepakken.
Kunstkonsulenten sitt honorar er sett til 10-15% av avsett budsjettramme på 2,2 mill. kroner.
Fylke
Vestland
Prosjektadresse
6800 Førde
Vestland
Norge
Se i Google Maps
Utlyser
Hordaland kunstsenter
Utlysers adresse
Klosteret 17
5006 Bergen
Kontaktperson
Petra Rahm
E-post
Telefon
98699454
Prosjektbudsjett
2 200 000 NOK
Søknadsfrist
15.08.2022