EKSTERN
utlyser

Oppdrag som kunstkonsulent for symjehall i Sogndal

Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Vestland fylkeskommune oppdrag som kunstkonsulent for symjehall i Sogndal.

Prosjektet omfatter rehabilitering av eksisterande symjehall i Sogndal, inkludert eit tilbygg med opplæringsbasseng. Brukarar av bygget er grunnskule, vidaregåande skule, Røde Kors, dykkarklubben, revmatikarar, idrettslaget, frisklivssentralen, astmatikarar, babysymjing, born og vaksne med behov for habilitering.

Det er satt av 1 030 590 kroner til kunst i prosjektet. Kunstkonsulentens honorar/godtgjersle er satt til inntil 15 % av kunstbudsjettet.

Kunstkonsulent vil fungere som leiar av kunstutvalet, der representantar frå Vestland fylkeskommune (Eigedomsavdelinga og Avdeling for kultur og folkehelse), arkitekt og ein brukar vil være representert. Kunstkonsulent må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent kan bli vektlagt. Arbeidet i kunstutvalet vil starte så snart som mogleg.

Informasjon om bygget:
Byggekostnader: 121,3 MNOK
Storleik: ca 1700 m2
Arkitekt/entreprenør: Norconsult/HS Bygg
Framdrift: Detaljprosjektering pågår. Oppstart bygging november/desember 2025, Overtaking 1. juli 2027

Fylke

Vestland

Prosjektadresse

Lunnamyri 2
6856 Sogndal
Vestland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Hordaland kunstsenter

Utlysers adresse

Klosteret 17
5006 Bergen

Kontaktperson

Petra Rahm

Telefon

98699454

Prosjektbudsjett

1 030 590 NOK

Søknadsfrist

19.12.2025