utlyser
Oppdrag som kunstkonsulent for Saften: fleirbrukshus i Leikanger
Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Sogndal kommune oppdrag som kunstkonsulent for ombygging og transformasjon av fleirbrukshuset Saften på Leikanger.
Saften er Sogndal kommune sitt administrasjonsbygg. Bygget har mange funksjonar, og kjem når det er ferdig til å innehalde kontor- og møtelokale for kommuneadministrasjonen, bibliotek, frivilligsentral, sosial sone med enkelt kjøkken, ungdomsklubb, kultursal og vrimleareal. I tillegg til kommunale funksjonar inneheld huset også matvarebutikk, treningssenter og idrettshall. Bygget vert slik sett ein mangfaldig møteplass med høgt aktivitetsnivå for lokalsamfunnet på Leikanger. Byggeprosjektet Saften, som er ein ombyggings og transformasjonsprosjekt, tok til hausten 2024 og er venta å vere ferdig hausten 2026.
Kunstkonsulent vil fungere som leiar av kunstkomiteen, der representantar frå Sogndal kommune, Sogndal kommunes kunstråd og ein brukar vil være representert. Kunstkonsulent må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent vil bli vektlagt. Arbeidet i kunstkomiteen vil starte så snart som mogleg.
I tillegg til anskaffing av ny kunst, vil ein del av oppdraget vere å gjennomføre ein gjennomgang av Sogndal kommunes kunstsamling, med særleg vekt på verka i Tinghus 1 på Leikanger (tidlegare Leikanger kommune), og vurdere kunstnarisk kvalitet og relevans for Saften. Eit ledd i denne vurderinga skal vere ein medverknadsprosess som inviterer kommunetilsette, brukarar og lokalsamfunnet på Leikanger til å dele sine tankar og ønske knytt til kunsten som heng i Tinghus 1 og andre kommunale bygg. Sogndal kommune vil bistå i denne medverknadsprosessen.
Det er satt av 1 300 000 kroner til kunstprosjektet, inkludert kunstkonsulentens honorar/godtgjersle som er satt til inntil 15 % av kunstbudsjettet.
Informasjon om bygget:
Byggekostnader: 65,4 MNOK eks mva
Sum kunstprosjekt: 1 300 000kr
Storleik: Totalt areal for bygget er 9459 m2. Areal av bygget som vert ombygd mtp kommunen sine ulike behov: 3731 m2
Plassering: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Funksjoner: Bibliotek, kultur- og aktivitetsareal, ungdomsklubb, kontorarbeidsplasssr og møterom for kommunen sine tilsette, publikums- og vrimleareal. Det er også matvarebutikk, treningssenter og idrettshall i bygget.
Arkitekt: Artec AS
Entreprenør: Veidekke Entreprenør AS
Framdriftsplan / tidsramme: Oppstart byggeplass haust 24. Delovertaking fase 1: juni 25. Overtaking: Sommaren 26
Fylke
Vestland
Prosjektadresse
Riverdalen 5
6863 Leikanger
Vestland
Norge
Se i Google Maps
Utlyser
Hordaland kunstsenter
Utlysers adresse
Klosteret 17
5006 Bergen
Kontaktperson
Petra Rahm
E-post
Telefon
98699454
Prosjektbudsjett
1 300 000 NOK
Søknadsfrist
24.04.2026