Oppdrag som kunstkonsulent for Langhaugen vidaregående skole

Hordaland kunstsenter utlyser på vegne av Vestland fylkeskommune oppdrag som kunstkonsulent for nytt bygg ved Langhaugen VGS.

Bygget er i hovudsak tiltenkt undervising i musikk, dans, drama og idrett. I tillegg er det areal for realfag og lærararbeidsplassar. Langhaugen VGS har i dag 620 elever. Elevtalet aukar til 730, med en ekstra parallell i musikk.

Det er satt av 4 000 000 kroner til kunst i prosjektet. Kunstkonsulentens honorar/godtgjersle er satt til inntil 10 % av kunstbudsjettet.

Kunstkonsulent vil fungere som leiar av kunstutvalet, der representantar frå Vestland fylkeskommune (Eigedomsavdelinga og Avdeling for kultur, idrett og inkludering), arkitekt og ein brukar vil være representert. Kunstkonsulent må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent kan bli vektlagt. Arbeidet i kunstutvalet vil starte så snart som mogleg.

OM BYGGET:

Byggekostnader: ca 400 000 000 kroner

Sum kunstprosjekt: 4 000 000 kroner

Storleik: ca 6500 m2

Tal elever: 730 elever

Plassering: Hagerups veg 17, 5093 Bergen

Funksjon: Vidaregåande skule, i hovudsak undervisning i musikk, dans, drama og idrett. Sambruk med Bergen kommune/Fridalen skole. Idrettshallen kan også nyttast av andre på kveld og helg.

Arkitekt/entreprenør: Ola Roald Arkitektur / K. Nordang (PEAB)

Framdrift: Samspillsfase september 2022 – januar 2023. Tidspunkt for byggestart blir klart etter dette.

Fylke

Vestland

Prosjektadresse

Hagerups veg 17
5093 Bergen
Vestland
Norge
Se i Google Maps

Utlyser

Hordaland kunstsenter

Utlysers adresse

Klosteret 17
5006 Bergen

Kontaktperson

Petra Rahm

Telefon

98699454

Prosjektbudsjett

4 000 000 NOK

Søknadsfrist

02.12.2022