Flashelement kan ikke vises.
Klikk her for å laste ned siste versjon av Flashplayer.
Det kreves også at javascript er på.
+

KUNSTEN VISER VEG FRÅ VÅGEN TIL NYTT KONSERTHUS


18. juni kl 18 blir du invitert til smakebitar frå kunstprogrammet

Kl. 18: Under - ei hending i regi av Kurt Johannessen.

Frammøte ved fiskeutsalget i Vågen.

Biolog Simon Geir Møller frå UiS fortel om eiketreet. Deretter får 24 personar blant publikum plante kvar sin bronsestøpte eikenøtt på tomta til konserthuset. Vi går saman med kunstnaren som leier oss frå Vågen til Bjergsted. Ting finn stad, og nokon har delteke, eller veit at det har hendt… 

Kl. 19: Offentleggjering av vinnar i konkurransen om kunst til Amfiet.

Besøkssenteret, Nedre Strandgate 89 B, Stavanger

● Christine Sagen Helgø, styreleiar, Nytt konserthus i Stavanger IKS ønskjer velkomen

● Leiaren av juryen Dyveke Sanne presenterer vurderinga til juryen

● KORO sin direktør Gro Kraft presenterer vinnaren til konkurransen

● Publikum og presse får sjå utstillinga  

● Forfriskningar

Velkomen!

Kunsten kjem: Vi får no sjå fyrste kunstprosjekt i kunstprogrammet for det nye konserthuset. Følgjande kunstnarar har delteke i konkurransen: Studio Acconci (New York), Rachel Whiteread (London), Lars Ramberg (Berlin), Marit Justine Haugen / Dan Zohar (Oslo), Thomas Nordström /Annika Oskarsson (Stockholm) og Viel Bjerkeset Andersen (Oslo). Kunstprosjektet blir leitt av KORO på oppdrag frå Nytt konserthus i Stavanger IKS. Kunstutvalet har hatt ansvar for gjennomføringa og fungert som jury.

Mens vi ventar: Samtidig som vi får sjå vinnar av konkurransen for Amfiet, ønskjer kunstutvalet å gi ei kunstgåve til Stavangers befolkning, som ein liten forsmak i ventetida mot ferdig konserthus. Kunstnaren Kurt Johannessen har laga ein performativ aksjon som tek oss til Bjergsted. Saman følgjer vi hans kunstnariske kommentar til distansen mellom Vågen og Bjergsted.Utstilling av forslag til Amfiet 18.6 - 24.6. 

Opningstider: torsdag 18. juni kl 19 - 20

kvardager kl 08-15

laurdag 20. juni stengd
søndag 21. juni kl 11-16

Meir om kunstprogrammet og konkurransen >>>

 

 
 
SØK I PROSJEKTET

Prosjektets webadresse

www.koro.no/stavangerkonserthus
 
 

LAST NED KUNSTPLAN

 
 

Spørsmål og svar

Informasjon til deltagende kunstnere i konkurransen on kunstprosjekt i amfiet
>>