Kunst i offentlege rom (KORO) forvaltar Statens tilskotsordning til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Statleg stønad til enkeltprosjekt i kommunar og fylke har som mål å medverke til kunst av høg kvalitet i offentlege miljø.
Kunst i offentlege rom (KORO) har for 2012 avsett 9,6 millionar kronar i tilskot til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Det er to søknadsfristar i 2012:
1. februar og 1. september
Søknadene blir behandla ut frå vilkår som er nedfelt i KORO sine retningslinjer, i Kultur- og kyrkjedepartementet sine brev om tilskot og i dei årlege prioriteringane til KORO. Kunst i offentlege rom – KORO - forvaltar Statens tilskotsordning for kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg – KOM. Statleg tilskot til enkeltprosjekt har som mål å medverke til kunst av høg kvalitet i offentlege bygg og miljø.
I Vilkår
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje KORO om tilskot på grunnlag av eigne midlar til kunst. KORO kan gi tilsegn på inntil
ein tredjedel av det totale kunstbudsjettet. I avgrensa utstrekning kan det gis tilskot til andre tiltak og kunstrelaterte
prosjekt som vil auke forståinga for utvikling og bruk av kunst i offentlege rom.
Grunnlag for stønad er nedfelt i retningslinjene for kommunale og fylkeskommunale bygg, sjå www.koro.no. Retningslinjene sett krav til arkitektoniske kvalitetar til bygg, samt funksjon og målgruppe til institusjonar. I tillegg tek KORO omsyn til geografisk spreiing av midlane sett i eit treårig perspektiv. Starttid for bygging vil og ha noko å seie, dvs at ikkje oppstarta byggverk prioriterast føre dei som er ferdigstillte eller påbegynte. Nybygg prioriterast framfor eldre bygg. Søkjaren si eige avsetning av midlar til kunst i prosent av byggjesum vurderast.
Generelt gjeld at KORO vurderer samla bygg, stad, sosiale og fysiske omgivnader.
Det er ikkje høve til å søkje tilskot til kunstverk som allereie er innkjøpt eller når det er inngått bindande avtale med kunstnarar. Ingen føringer for kunstkonsept eller kunstidé skal være lagt i forkant av prosjektstart.
II Kulturpolitiske og kunstfaglege vurderingar
KORO vurderer søknader ut frå Statens kunst- og kulturpolitiske mål og prioriteringar, formulert i Kultur- og kyrkjedepartementet
sitt årlege tilsegnsbrev:
Bygg med fleire målgrupper, høgt brukartal og barn og unge blir prioritert.
III Årets prioriteringar
KORO vurderer godt gjennomarbeidde søknader med ein tydeleg visjon der dei ulike prioriteringane fremgår.
Kunstprosjekt som får tilskot frå KORO må gjennomførast i samsvar med retningslinjene til KORO. Tilsegna står til rådvelde i tre år frå tilsegnsdato. Dersom søkjaren sin eigenkapital til kunst blir redusert etter at tilsegn om tilskot er gitt eller KORO sine retningslinjer ikkje blir følgde, fell føresetnadene for tilsegna bort.
Søknadsprosedyre
Søknadsskjema for kommunale og fylkeskommunale bygg –KOM - skal nyttast. Alle punkt i skjemaet skal fyllast ut.
Retningslinjer og
søknadsskjema kan hentast her.
Vi ber om at søknader blir sende både som e-post og vanleg post.
Postadresse:
Kunst i offentlege rom
Postboks 6994 St.Olavs plass
0130 Oslo
E-post: post@koro.no
© Copyright
Tillatelse til gjengivelse av kunstverkene er innhentet fra rettighetshaverne og BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Kunstverkene
er vernet iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Kunstverk må ikke kopieres eller gjøres tilgjengelig for allmenheten,
digitalt eller analogt, uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver /
BONO.
KOM 2012
Søknadsfrist for neste tildelingsrunde er 1. februar 2012.
Les mer >>>
URO 2012
Søknadsfrist for ny tildelingsrunde er 1. februar 2012.
Les mer >>>
Endret søknadsfrist for opptak i konsulentregisteret
Søknadsfrist: 15. mars og 15. september 2012.