Flashelement kan ikke vises.
Klikk her for å laste ned siste versjon av Flashplayer.
Det kreves også at javascript er på.
+

STATLEG TILSKOT TIL KUNST I KOMMUNALE OG FYLKESKOMMUNALE BYGG - SØKNADSFRISTAR 2010

 

Kunst i offentlege rom (KORO) forvaltar Statens tilskotsordning til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Statleg stønad til enkeltprosjekt i kommunar og fylke har som mål å medverke til kunst av høg kvalitet i offentlege miljø.

Kunst i offentlege rom (KORO) har for 2010 avsett 9,5 millionar kronar i tilskot til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Det er to søknadsfristar i 2010:

1. mars og 1. september

Søknadene blir behandla ut frå vilkår som er nedfelt i KORO sine retningslinjer, i Kultur- og kyrkjedepartementet sine brev om tilskot og i dei årlege prioriteringane til KORO.

I  Vilkår

Vilkår for stønad er nedfelt i KORO sine retningslinjer for kommunale og fylkeskommunale bygg.

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje KORO om tilskot på grunnlag av eigne midlar til kunst. KORO kan gi tilsegn på inntil ein tredjedel av det totale kunstbudsjettet. I avgrensa utstrekning kan det gis tilskot til andre tiltak og kunstrelaterte prosjekt som vil auke forståinga for utvikling og bruk av kunst i offentlege rom.

Det er ikkje høve til å søkje tilskot til kunstverk som allereie er innkjøpt eller når det er inngått bindande avtale med ein kunstnar.

Kunstprosjekt som får tilskot frå KORO må gjennomførast i samsvar med KORO's retningslinjer.

Tilsegna står til rådvelde i tre år frå tilsegnsdato. Dersom søkjaren sin eigenkapital til kunst blir redusert etter at tilsegn om tilskot er gitt eller KORO sine retningslinjer ikkje blir følgde, fell føresetnadene for tilsegna bort.


II Kulturpolitiske og kunstfaglege vurderingar

KORO vurderer søknader ut frå Statens kunst- og kulturpolitiske mål og prioriteringar, formulert i Kultur- og kyrkjedepartementet sitt årlege tilsegnsbrev:

• Kunst av høg kvalitet
• Mangfald og nyskaping
• Barn og unge
• Formidling

Bygg med fleire målgrupper, høgt brukartal, barn og unge og særskilde formidlingskvalitetar blir prioritert.


III Årets prioriteringar

1) Signalbygg
KORO vil i 2010 prioritere støtte til eit fåtal bygg som vil prege staden og omgivnadene der dei blir oppførde. Det er ingen føresetnad at bygget skal vere stort i omfang eller ha høge byggjekostnader. Det vil leggjast vekt på at kunsten vil tilføre desse byggene ein særleg kvalitet.

2) Kunst til stader
KORO vil i 2010 prioritere mindre viktige bygg der kunsten kan utgjere ein særleg forskjell og gi ein kvalitet som ikkje konkurrerer med eller kjem som eit tillegg til bygget.

Generelt gjeld at KORO vurderer samla bygg, stad, sosiale og fysiske omgivnader.

KORO vurderer positivt gjennomarbeidde søknader med ein tydeleg visjon.

I tillegg vil søkjaren si eige avsetning av midlar til kunst i prosent av byggjesum ha verdi for søknaden, og nybygg vil prioriterast framfor eldre bygg.

KORO legger vekt på ei viss geografisk spreiing av tilskotsmidlane.


Søknadsprosedyre

Nytt søknadsskjema på KORO skal nyttast.

Søknader blir sende som e-post til:
post@koro.no eller som brev til:

Kunst i offentlege rom
Postboks 6994 St.Olavs plass
0130 Os

 

 
 

KUNSTORDNINGER

STATLIGE BYGG
LEIEBYGG/ELDRE STATSBYGG
KOMMUNALE BYGG
UTEROM
 
 

STORE PROSJEKTER

KILDEN
STAVANGER NYE KONSERTHUS
R6
AK DOLVEN / UNTUNED BELL
MONICA BONVICINI / SHE LIES
FALSTADSENTERET

 
 

PREKVALIFISERING

For det nye sentralbygget til HSF i Sogndal, inviterer KORO til prekvalifisering for to prosjekt.
Les mer>>>

 
 

SØKNADSFRISTAR 2010

Kunst i offentlege rom (KORO) har for 2010 avsett 9,5 millionar kronar i tilskot til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Det er to søknadsfristar i 2010:
1. mars og 1. september. Les mer>>>

 
 

NABOLAGSHEMMELIGHETER


Våren 2006 ble de 180 000 innbyggerne i Stavanger og Sandnes invitert til delta i en avstemning om hvilket sted i byen som var viktigst for dem personlig. Det var begynnelsen på det store og særegne kunstprosjektet «Nabolagshemmeligheter», som vakte oppmerksomhet både lokalt og internasjonalt i forbindelse med kulturhovedstadsåret Stavanger 2008. Nå foreligger boken om prosjektet. Les mer>>