Flashelement kan ikke vises.
Klikk her for å laste ned siste versjon av Flashplayer.
Det kreves også at javascript er på.
+

Invitasjon til prekvalifisering: Kunst til Bystasjonen - terminal nord.

Hordaland fylkeskommune innbyr kunstnarar og kunsthandverkarar til ei prekvalifisering for kunst til Bystasjonen -Terminal nord i Bergen.
Målet med prekvalifiseringa er å finna kandidatar til lukka konkurranse eller til direkte oppdrag. Oppdraget har ei økonomisk ramme på NOK 550.000. Byggestart er oktober 2011 for grunnarbeidet og desember 2011 for bygget, med forventa ferdigstilling i august 2012.

"Bystasjonen – terminal nord" vert den nye stasjonen for bussane i sentrum i Bergen, og nokre regionale bussrutar. Bystasjonen vert venteplass for dei reisande og eit viktig trafikk-knutepunkt. Mange brukarar og stor trafikk medfører stor slitasje og krav til tryggleik.

Det er eit ønske om integrert kunst som svarar spesifikt til den utfordrande samanhengen og funksjonen til bygget. Det er peika på tre ulike område for kunst, og det vert og vurdert om oppdraget kan gå til ein kunstnar som presenterer eit totalkonsept for kunst for bygningen. Kunsten må ta omsyn til rørsle og opphald i venteareala, reflektera bygget sin identitet og bringa kvalitet til dei reisande si oppleving av staden. Ein kan nytta ulike medium i den kunstnarlege utforminga i dei ulike områda. Områda omfattar trapperommet i terminalbygget,  jennomgåande søyler frå parkeringshuset, og eksteriøret til kioskvegg.

Teikningar av bygget finn ein her: www.hordaland.no/bystasjonen

Til prekvalifiseringa ønskjer vi presentasjon frå interesserte kunstnarar. (I denne samanhengen treng vi ikkje konkrete idéar til prosjektet.)
Presentasjonen skal vera på maksimum 10 A4-sider og innehalda:
- kort grunngjeving for interessa for prosjektet (maks 300 ord)
- presentasjon av tidligare prosjekt og relevante oppdrag
- kort CV Merk presentasjonen ’Bystasjonen’ og send den som pdf-fil med epost til eigedom-innkjøp@post.hfk.no

Eller i post (poststempla seinast 15. september 2011) til:
Hordaland fylkeskommune
Att: Ingebjørg Astrup
Eigedomsseksjonen
Postboks 7900
5020 Bergen

 

 
 

Følg KORO på

  

 
 

SØK Digitalt Museum

 

 
 

OM OPPHAVSRETT

© Copyright
Tillatelse til gjengivelse av kunstverkene er innhentet fra rettighetshaverne og BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Kunstverkene er vernet iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Kunstverk må ikke kopieres eller gjøres tilgjengelig for allmenheten, digitalt eller analogt, uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver / BONO.

 
 

KUNSTORDNINGER

STATLIGE BYGG
LEIEBYGG/ELDRE STATSBYGG
KOMMUNALE BYGG
UTEROM
 
 

STORE PROSJEKTER I ARBEID

KILDEN
NYTT KONSERTHUS I STAVANGER
R6

 

 
 

SØKNADSFRISTAR 2012

KOM 2012
Søknadsfrist for neste tildelingsrunde er 1. februar 2012. Les mer >>>

URO 2012
Søknadsfrist for ny tildelingsrunde er 1. februar 2012. Les mer >>>

Endret søknadsfrist for opptak i konsulentregisteret
Søknadsfrist: 15. mars og 15. september 2012. 
 

 
 

EGNE RAPPORTER

Tilgjenglige KORO-rapporter
>>
 

FERDIGSTILTE PROSJEKTER

AK DOLVEN / UNTUNED BELL  
FALSTADSENTERET
KUNST TIL NYTT OPERAHUS