Flashelement kan ikke vises.
Klikk her for å laste ned siste versjon av Flashplayer.
Det kreves også at javascript er på.
+

PREKVALIFISERING HØGSKOLEN I SOGN OG FJORDANE (HSF)

For det nye sentralbygget til HSF i Sogndal, inviterer KORO til prekvalifisering for to prosjekt. Prekvalifiseringa lysast ut nasjonalt med mål om å finne kunstnarar til ein lukka konkurranse (uteområde) og eit direkte oppdrag (inneområde). 

HFS

HSF er ein statleg høgskule lokalisert i Sogndal og Førde. Skulen har ein stor fagleg breidde; helsefag, ingeniør og naturfag, lærarutdanning, idrett, samfunnsfag, økonomi, leiing og reiseliv.

Statsbygg byggjer no eit sentralbygg for HSF i Sogndal. Sentralbygget vil vere ein viktig og etterlengta sosial og fagleg møteplass for studentar/tilsette og eit tydeleg bindeledd for dei andre bygga på Fosshaugane Campus. Sentralbygget vil ha funksjonar som kantine, bibliotek/læresenter, studentekspedisjon, kontor og undervisningsrom.

Bygget er teikna av Arkitektgruppen lille frøen AS. Byggjestart er våren 2011 med planlagt ferdigstilling skulestart 2012.

Frå kunstplanen:

Ein høgskule er ein stad for læring, forsking og utveksling av kunnskap/idear. Utvalet ønskjer å knytte til seg kunstnarar som tek utgangspunkt i forsking i ein utvida forstand. Kunstnarleg praksis og forsking har mange likskapstrekk og utvalet ønskjer kunst som visuelt og innhaldsmessig kan utfordre den tilvante måten å forholda seg til omgjevnadane på. Likskapstrekka mellom forsking og kunstnarlege prosessar er mange. Forsking vert drive av forskaren si interesse og nysgjerrigheit og kan resultere i uventa og spennande oppdagingar. Utvalet leitar etter kunstnarar som i sine arbeid kan bygge oppunder denne undersøkande og leikande metoden.

Meir informasjon om prekvalifiseringa:

Det inviteres til prekvalifisering for to prosjekt: ein lukka konkurranse (1: Uteområde) og eit direkte oppdrag (2: Inneområde). Oppdragssum for begge prosjekta er samla 1 250 000 kr.

1. Uteområde: Prekvalifisering med påfølgande honorert konkurranse.

Hovudtyngda i prosjektet skal leggjast til inngangen ved 5.etasje og det tilstøytande uteområdet. Området som er aktuelt for kunstprosjektet omfattar grøntareale, beplanta areal, gangvegar og ein stor open plass med betongdekke. Denne plassen skal brukast aktivt både som sosial møteplass og til ulike arrangement. Kunstprosjektet kan og freiste å skape ein visuell samanheng mellom dei to inngangane i 1. og 5. etasje ved også å lokalisere eit kunstprosjekt til inngangspartiet i 1.etasje, med moglegheit til å strekkje seg litt inn/innover i inngangen ved 1.etasje.

HFS 1a

2. Inneområde: Prekvalifisering med tildeling av direkte oppdrag.

Fondveggen i kantina er ein eigna stad for eit større veggarbeid. Gipsveggen har tre opningar der det midtre feltet har ei 8 meter rein flate. I trapperommet er der og ein aktuell vegg som strekkjer seg frå tredje til femte etasje. Gipsveggen er godt eksponert og står opp mot fondveggen i kantina. Kunstutvalet ønskjer at kunstprosjektet kan vere med på å knytte i hop areal/volum og gje ein kjensle av heilskap, såleis er ein dialog eller link mellom desse veggane ønskeleg.

Plantegning>>>

1: Uteområde. Konkurransen vert gjennomførd med inntil 5 deltakarar. Utvalet vil kunne invitere inntil 2 deltakarane utanom dei prekvalifiserte kandidatane.

2: Inneområde. Av dei prekvalifiserte kandidatane, vil utvalet velge ein eller to kunstnarar til direkte oppdrag.

Presentasjonen skal vere på maks 10 A4-sider. Den skal innehalde CV, kort grunngjeving for deltaking og ein presentasjon av tidligare relevante arbeider. Presiser òg kva for eit av områda du ynskjer å arbeide med; 1. Uteområde eller 2. Inneområde. Utvalet ønskjer i denne omgang ingen konkrete idear eller skisser av mulige kunstnarlege løysningar.

Om ein ønskjer retur av materialet må porto og returadresse leggast ved.

Kunstutvalet tar sikte på å ha resultatet av prekvalifiseringa klart innan 2 månader etter innleveringsfristen.
Resultatet blir offentleggjort på koro.no.

Merk presentasjonen med ”HSF” og send til:

KORO
PB 6994, St. Olavs plass
0130 Oslo.

Frist: poststemla seinast 15.08.2010

 
 

KUNSTORDNINGER

STATLIGE BYGG
LEIEBYGG/ELDRE STATSBYGG
KOMMUNALE BYGG
UTEROM
 
 

STORE PROSJEKTER

KILDEN
STAVANGER NYE KONSERTHUS
R6
AK DOLVEN / UNTUNED BELL
MONICA BONVICINI / SHE LIES
FALSTADSENTERET

 
 

PREKVALIFISERING

For det nye sentralbygget til HSF i Sogndal, inviterer KORO til prekvalifisering for to prosjekt.
Les mer>>>

 
 

SØKNADSFRISTAR 2010

Kunst i offentlege rom (KORO) har for 2010 avsett 9,5 millionar kronar i tilskot til kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg. Det er to søknadsfristar i 2010:
1. mars og 1. september. Les mer>>>

 
 

NABOLAGSHEMMELIGHETER


Våren 2006 ble de 180 000 innbyggerne i Stavanger og Sandnes invitert til delta i en avstemning om hvilket sted i byen som var viktigst for dem personlig. Det var begynnelsen på det store og særegne kunstprosjektet «Nabolagshemmeligheter», som vakte oppmerksomhet både lokalt og internasjonalt i forbindelse med kulturhovedstadsåret Stavanger 2008. Nå foreligger boken om prosjektet. Les mer>>