Regelverket vart fastsett av Kulturdepartementet 8. november 1999 og vart sett ut i livet med det same.
Retningslinjene for kunstnarleg utsmykking av kommunale og fylkeskommunale bygg er utarbeidde til bruk for kommunar og fylkeskommunar, lokale kunstutval, regionale samarbeidsutval (RSU), kunstnariske konsulentar og utøvande kunstnarar når dei skal arbeide med kunstprosjekt. Retningslinjene seier noko om
I eit særskilt vedlegg presiserer ein retningslinjene for kunstutvala, dei regionale samarbeidsutvala, kunstnariske konsulentar og valet av kunstnarar og kunstverk.
1. Definisjonen av og føremåla med utsmykkingsordninga
Med kunstnarleg utsmykking meiner vi biletkunst og kunsthandverk som er sette inn i ein arkitektonisk samanheng.
Gjennom tilskotsordninga skal verksemda til UKORO gje grunnlag for og stimulere til at kunst blir eit vesentleg element i
offentlege bygg og dei områda som ligg nærmast omkring. I form og uttrykk skal den kunstnarlege utsmykkinga gjere det offentlege
miljøet rikare når kunst og arkitektur møtest.
Formidling til publikum skal gjere sitt til at kunsten kjem klårt og tydeleg fram.
2. Omfanget av og vilkåra for utsmykkinga
Kunstproduskjonen som er knytta til kommunale og fylkeskommunale bygg blir først og fremst finansiert av kommunane og fylkeskommunane. Dei er oppdragsgjevarar for kunstprosjekta og som regel også byggherre. På grunnlag av eigne midlar kan oppdragsgjevarane søkje om tilskot frå Kunst i offentlige rom (KORO). KORO kan gje tilsegn med opptil ein tredel av den samla utsmykkingssummen. Heile utsmykkingssummen (eigenkapitalen til oppdragsgjevaren + tilsegn frå KORO) er netto utgifter til kunstverket og kan ikkje brukast til administrative utgifter, tilpassingar av bygningar, inventar el. l.
Tilsegna er disponibel i tre år frå tilsegnsdatoen. Dersom eigendelen til oppdragsgjevaren blir skoren ned etter at tilsegna er gjeven, fell føresetnadene for tilsegna bort.
Det er også høve til å søkje om tilskot til bygg med langsiktig leigekontrakt. Til ein viss grad kan ein også få tilskot til andre tiltak og kunstrelaterte prosjekt som vil gjere sitt til å auke forståinga for, utviklinga av og bruken av kunst i offentlege rom. Det er ikkje høve til å søkje om tilskot til kunstverk som alt er kjøpte inn, eller når det er gjort bindande avtalar med ein kunstnar først.
Kusntprosjekt som får tilsegn frå KORO, må gjennomførast i samsvar med retningslinjene for KORO Sanksjonar ved brot på desse retningslinjene blir nærmare omtala i punkt 6.
Dersom ein får tilsegn, dekkjer KORO utgiftene til kunstnarisk konsulent innanfor ei viss budsjettramme (sjå vedlegg punkt B – Kunstnarisk konsulent). Fondet skriv då kontrakt med kunstnarisk konsulent frå tilsegnsdatoen.
KORO legg desse vurderingane til grunn for tilsegna:
3. Søknadsprosedyre
Ordninga, med fristar for når ein skal søkje, blir kunngjord to gonger i året ved eit særskilt brev som går ut til alle kommunar og fylkeskommunar, og på www.koro.no.
Søknaden skal innehalde namn og adresse til bygget og byggherren eller søkjaren, eigar- og driftsforhold, arkitektar, byggjekostnader, arealet på bygget, talet på brukarar, start og ferdigstilling. Sameleis skal det stå noko om kor stor eigenkapital søkjaren har til å utføre kunstprosektet for og kor langt planlegginga av sjølve kunstprosjektet har kome. Vedlagde teikningar i A-4-format skal vise situasjonsplanen, grunnplanet, fasaden og snittet av bygget. Ein skal bruke søknadsskjemaet til KORO når ein sender inn søknadene sine.
Administrasjonen i KORO gjev tilråding om søknadene overfor fondsstyret, som så i sin tur behandlar dei og gjer vedtak i kvar
av sakene. Søkjarane får tilsegner eller avslagsbrev innan 4 veker etter at styret har gjort sine vedtak. Klageskjema ligg
ved til bruk dersom ein får avslag.
4. Kunstprosjekt med tilsegner frå Kunst i offentlege rom (KORO) – framdriftsprosedyre
Tilsegnsbrev og retningslinjer skal gje oppdragsgjevaren informasjon om framdriftsprosedyren ved utsmykkingsprosjektet.
Kunstutval
Eit lokalt kunstutval skal gjennomføre kunstprosjektet i kommunen eller fylkeskommunen. Oppdragsgjevaren skal syte for at
utvalet blir skipa og medlemer utnemnde.
Utvalet skal ha desse 4 representantane:
Dei tre første representantane blir utnemnde av oppdragsgjevaren. Den kunstnariske konsulenten blir utnemnd av Regionalt samarbeidsutval (RSU) (sjå punkt b i vedlegget). Utvalet vel sjølv leiar. KORO er arbeidsgjevar for konsulenten.
Kunstplan
Kunstutvalet skal utarbeide ein kunstplan med dette innhaldet:
Kunstplanen skal godkjennast av Regionalt samarbeidsutval (RSU), som har det kunstnarlege ansvaret i kommunale og fylkeskommunale utsmykkingssaker. Alle vesentlege endringar i ein kunstplan må leggjast fram for RSU til ny godkjenning.
Dersom det kjem framlegg om å skipe til tevling, skal det grunngjevast særskilt. Forslag om lukka konkurranse skal omfatte oversikt over dei kunstnarane som ein gjerne vil be om å delta og eit framlegg til tevlingsprogram.
RSU har høve til å be utvalet om utfyllande materiale og skal godkjenne både kunstplanen og tevlingsprogrammet før dei blir sende ut.
Engasjement av ein kunstnar
Når kunstplanen er godkjend, vel ein ut kunstnar(ar) etter ulike prosedyrar som er nærmare omtala i punkt D i vedlegget. Oppdragsgjevaren
(kommunen eller fylkeskommunen) og kunstnaren/-ane skriv ein kontrakt seg imellom, og følgjer då ein standardkontrakt som
er utarbeidd av KORO.
Utbetaling av tilsegn
Utbetaling av tilsegner skjer når godkjend kunstplan og utbetalingskrav frå oppdragsgjevaren ligg føre hos KORO. Ein kopi
av ein underskriven kontrakt (eller fleire) med kunstnar(ar) skal leggjast ved sjølve utbetalingskravet.
Rapporteringsrutinar
Kunstkomiteen v/kunstnarisk konsulent set opp ein kunstplan og eit kunstbudsjett som skal leggjast fram for og godkjennast
av Regionalt samarbeidsutval (RSU). RSU sender så over den godkjende planen til KORO. På grunnlag av denne planen betaler
ein ut tilskotet til oppdragsgjevaren (sjå avsnittet ”Utbetaling av tilsegn”). I tillegg skal konsulenten heilt i byrjinga
av engasjementet fylle ut eit budsjettskjema for eigne administrative utgifter som han har hatt.
Den kunstnariske konsulenten sender fondet halvårsrapportar for den praktiske framdrifta av kunstprosjektet. Når utsmykkinga er overlevert til oppdragsgjevaren, sender den kunstnariske konsulenten inn avslutningsrapport og dokumentasjon med lysbilete til arkivet åt fondet. Rapporten skal ha med ein omtale av byggtypen, kven som er byggherre, start og avslutning, komitemedlemer, utførande kunstnarar, beskriving av kunstprosjektet og ei evaluering av heile prosjektet.
5. Honorar
Den kunstnariske konsulenten får godtgjersle for arbeid han har gjort for kunstutvalet etter gjeldande satsar, som er avtalte mellom departementet og kunstnarorganisasjonane. Honorar og administrasjonskostnader til konsulentane skal dekkjast av Utsmykkingsfondet etter ei avtalt budsjettramme. Utgiftene blir dekte frå sjølve tilsegnsdatoen for kunstprosjektet. Honorar til dei andre utvalsmedlemene skal oppdragsgjevaren betale.
6. Sanksjonar ved brot på retningslinjene til Kunst i offentlege rom (KORO)
Kunstprosjekt som får tilskot frå Kunst i offentlge rom (KORO) må gjennomførast i samsvar med dei retningslinjene som KORO har sett opp. Dersom oppdragsgjevaren ikkje følgjer KOROs regelverk i prosjektperioden, har KORO høve til å trekkje inn heile tilsegnssummen, eller eventuelt krevje han tilbake dersom han alt er utbetalt. KORO kan dra attende tilsegner eller krevje dei tilbakebetalte, uavhengig av om prosjektet er heilt eller delvis avslutta.
VEDLEGG TIL RETNINGSLINJER FOR KUNSTPRODUKSJON I KOMMUNALE OG FYLKESKOMMUNALE BYGG
Nærmare utgreiing av utsmykkingsarbeidet for:
A Utsmykkingsutval
B Kunstnarisk konsulent
C Regionalt samarbeidsutval
D Val av kunstnar(ar) eller kunstverk
A Utsmykkingsutval
Kunstutvalet for bygget skal
B. Kunstnarisk konsulent
Når tilskotet til eit kunstprosjekt er gjeve, ber KORO det aktuelle RSU om å nemne opp ein kunstnarisk konsulent. Han skal veljast heilt uavhengig av kvar han høyrer heime geografisk. Ved særs store kunstprosjekt og når andre spesielle tilhøve krev det, kan KORO peike ut ein samarbeidande kunstnarisk konsulent i tillegg til han som er oppnemnd av RSU.
Ein kunstnarisk konsulent skal ha nødvendige faglege kvalifikasjonar for oppgåva og må vere godt orientert om kunstnarlege mogelegheiter, også utanfor sitt eige fagfelt. Ein stiller visse krav til konsulentens evne til rapport- og budsjettarbeid, og han må ha gode evner til samarbeid.
KORO dekkjer alle honorar og reiseutgifter som konsulenten(-ane) har hatt i samband med kunstprosjektet. Dette skjer innanfor ei fastsett ramme. Denne ramma blir rekna ut frå ein prosentdel av den samla kunstprosjektsummen, attåt eit særskilt budsjettoppsett frå konsulenten.
Konsulenten legg fram halvårsrapportar og ein avslutningsrapport til KORO. Konsulentavtalen mellom KORO og den kunstnariske konsulenten gjeld frå tilsegnsdatoen for kunstprosjektet og fram til avslutningsrapporten og dokumentasjonen er sende over til KORO. KORO har utarbeidd særskild informasjon til konsulentane.
C. Regionalt samarbeidsutval (RSU)
RSU er tilknytt dei regionale kunstnarsentera og består av 3 medlemer. Føresetnaden er at RSU er samansett av ein biletkunstnar, ein kunsthandverkar og ein arkitekt som er oppnemnd av dei regionale yrkesorganisasjonane.
RSU har ansvar for å:
D. Val av kunstnar(ar) eller kunstverk
Karakteren til bygget og bruken av det avgjer kva slags kunst ein vel. Ressursane til kunsten skal i minst mogeleg grad delast
opp i små oppdrag og innkjøp. Som ein hovudregel skal ein bruke verk laga av norske kunstnarar. Unntak frå dette skal grunngjevast,
noko som i så fall skal gå fram av kunstplanen. Reint unntaksvis kan ein òg kjøpe inn arbeid av avlidne kunstnarar.
Val av kunstnarar eller kunstverk kan skje på desse måtane:
1. Oppdrag
2. Tevling
3. Kjøp av ferdige kunstverk
Kunstnarar som blir engasjerte til kunstoppdrag skriv kontrakt med oppdragsgjevaren etter den standardavtalen som er utarbeidd av KORO.
1. Oppdrag
Det kan kome framlegg om både ein eller fleire namngjevne kunstnarar for direkte oppdrag. Utvalet kan føreslå i kunstsplanen
at det må lagast eit forprosjekt før oppdraget kan endeleg tildelast. Slike forprosjekt skal honorerast.
2. Tevling
Vi skil mellom open og lukka konkurranse. Ei open tevling skal kunngjerast, mens ein lukka konkurranse blir skipa til blant
namngjevne, innbedne kunstnarar eller grupper av kunstnarar.
Ved tevlingar i kommunale og fylkeskommunale utsmykkingssaker fungerer det lokale kunstutvalet som jury. Dersom denne juryen ikkje har eit kunstfagleg fleirtal, kan saka ankast inn for RSU.
Norske Billedkunstnere (NBK) har sett opp eit regelverk for slike konkurransar (”NBKs konkurransereglar”) i eit særskilt hefte. Vi viser elles til KOROs sitt eige hefte, ”Innbyding til lukka konkurranse”.
3. Kjøp av ferdige kunstverk
Det er ein føresetnad at den kunstnariske konsulenten blir med ved alle innkjøp. Slike kjøp skal helst skje på juryerte utstillingar
eller ved offentlege kunstformidlingsinstitusjonar. Kunstmidlane kan ikkje brukast til å skipe til innkjøpsutstillingar for.
For det nye sentralbygget til HSF i Sogndal, inviterer KORO til prekvalifisering for to prosjekt.
Les mer>>>
Kunst i offentlege rom (KORO) har for 2010 avsett 9,5 millionar kronar i tilskot til kunst i kommunale og fylkeskommunale
bygg. Det er to søknadsfristar i 2010:
1. mars og 1. september.
Les mer>>>