Flashelement kan ikke vises.
Klikk her for å laste ned siste versjon av Flashplayer.
Det kreves også at javascript er på.

HØGSKOLEN I SOGN OG FJORDANE, FØRDE / Sogn og Fjordane University College

 

Bygget som huser Avdeling for Helsefag og Avdeling for ingeniør- og naturfag er teikna av Link Arkitekter as, og har eit stramt og enkelt arkitektonisk uttrykk. Kunstutvalet vurderte kontrasten mellom dei "mjuke" omsorgsfaga og den "harde" tekniske utdanninga, som eit interessant utgangspunkt for ei kunstnarisk tilnærming. Resultatet er blitt ein lysinstallasjon med eit litt "high-tech" uttrykk i kontrast til enkle og strippa teikningar rett på vegg.

I lysinstallasjonen Colour field har Svein Rønning arbeidt med opplevingar og erfaringar knytt til farge og lys To store lysande skiver i sandblåst glas er montert i kraftige rammer av oljet eik. Bak glasflatene er det lagt LED-lys som er programmert slik at skivene langsamt skiftar farge og karakter uavhengig av kvarandre. Glasflatene er påførde linjer for hand, som saman med trematerialet rundt den lysande skiva er med på å gi den strengje forma eit organisk uttrykk. Med stadige forandringar i fargeskala og lysintensitet hjelper verket til med å sanseleggjere opplevinga av rommet.

Ingri Egeberg er biletkunstnar og forfattar, og arbeider i hovudsak med utgangspunkt i teikning. Hennar forenkla figurasjonar er malt rett på veggen fire stader i bygget. Titlar som Ser men tier, Vi bare stod der, Hun ville så gjerne og Møtes igjen kan assosiere til forteljingar om menneskelege relasjonar.

I tillegg til de to oppdragene er det gjort innkjøp av skulpturer av Petter Hepsø og Torhild Berg.

SVEIN RØNNING
Color Field, 2005, lysinstallasjon / light installation

INGRI EGEBERG
Møtes igjen, 2005, veggmåleri / wall painting
Vi bare sto der, 2005, veggmåleri / wall painting
Ser, men tier, 2005, veggmåleri / wall painting
Hun ville så gjerne, 2005, veggmåleri / wall painting

PETTER HEPSØ
Melankoli, 2004, skulptur / sculpture

TORHILD BERG
Fucking Daydream, 2005, skulptur / sculpture

Kunstnerisk konsulent / Art Consultant: Gunnar H. Gundersen
Arkitekt / Architect: LINK Arkitekter AS
Sted / Place: Førde

 

 
 
Lenker

SVEIN RØNNING
Hjemmeside / Home page>>
Kulturnett>>

INGRI EGEBERG
Hjemmeside / Home page>>
Kulturnett>>

PETTER HEPSØ
Hjemmeside / Home Page>>
Kulturnett>>

TORHILD BERG
Kulturnett>>

KUNSTNERISK KONSULENT / ART CONSULTANT
Gunnar H. Gundersen ( kulturnett>>)

ARKITEKT / ARCHITECT
LINK arkitekter AS>>

HØGSKOLEN  SOGN OG FJORDANE
Hjemmeside / Home Page>>

BYGGHERRE / BUILDER
Statsbygg>>