Bygg for Biologiske Basalfag (BBB) ved Universitetet i Bergen stod ferdig i 2003 og kunsten var på plass i 2006. Her vert legar utdanna for framtida og her vert det forska i grunnleggjande biologi. KOROs kunstkonsulentar, Jon-Ove Steihaug (leiar i kunstutvalet) og Gerd Tinglum fann ut at dette prosjektet krevde kunst som kunne spele opp mot funksjonen og verksemda i bygget. Kunsten skulle ikkje vere "som glasuren på kaka", men derimot fungere som ein kommentar til det grunnleggjande ved det å vere menneske.
I fokus for Arne Malmedals lysmaleri i vindusrekkja i makrosalane vert sjølve fargen, i samspel med det skiftande lyset utanfor,
sanseleg og meiningsberande. I det store trappetårnet finst ein interaktiv lydinstallasjon av Natasha Barrett. Ho arbeider
skulpturelt med lyd som kvalitet. Lyden i dette kunstverket vert prossessuert av eit datasystem som i si komplekse form ikkje
er så ulik den teknologien ein gjer seg nytte av innan medisinsk forsking. Dei to japanske hagane, den eine i atriet og den
andre er gardsrommet, er skapt av den japanske Zen-presten og landskapsarkitekten Shunmyo Masuno. Hagane ber i seg ein neste
tusen år gamal spirituell hagekunst-tradisjon - i møte med norsk natur og arkitekuren til
dette særlege bygget.
Kunsten ved BBB-bygget forheld seg til generell menneskeleg erfaring og sansing. At menneskekroppen er mangfoldig og samansett kjem godt fram i arbeida. John Coplans og Vibeke Tandbergs fotografi tematiserer over kroppenes aldring og endring og kunstnarane nyttegjer seg sin eigen kropp som tema for undersøkjingar. Tom Sandbergs monumentale svart kvitt - fotografi er nøye tilpassa i storleik i høve til veggene og forheld seg dermed til arkitekturen på ein subtil måte. Fotokunsten i vrimlearealet kan seiast å vere memento for den biologiske vitskapen som bygget er via til. I dei tre møteromma er det nytta maleri av Therese Christensen og tekstil av Kari Dyrdal.
NATASHA BARRETT
Adsonore, interaktiv lydinstallasjon, 2002-2004
THERESE CHRISTENSEN
Vintersuite I, V, VI, VII, 2001-2003, maleri
JOHN COPLANS
Self Portrait Crossed Fingers No 1, 2, 3, 4, 7, 1999, fotografi
KARI DYRDAL
Aleppo I, II, 2005, tekstil
ARNE MALMEDAL
UTEN TITTEL - komposisjon med 6 farger, 2002
Laminert og sandblåst glass
SHUNMYO MASUNO
SEIGEN-tei, 2003, japansk hage
TOM SANDBERG
Uten tittel (Bølgen), 2004, fotografi
Uten tittel (Hode på stranden), 2004, fotografi
Uten tittel (Akt), 2004, fotografi
VIBEKE TANDBERG
Vibeke Tandberg
Undo #1, #3, #5, fotografi, 2003
Kunstkonsulenter / Art Consultants: Jon Ove Steihaug, Gerd Tinglum
Arkitekt / Architect: Narud-Stokke-Wiig arkitekter as
Byggherre / Builder: Statsbygg
Sted / Place: Bergen
SHUNMYO MASUNO
Hjemmside / Homepage>>>
21st century Garden Art: Episode 8:
The Zen Gardens of Shunmyo Masuno
26 min film by Christoph Schuch>>>
LES / READ
Kunst for menneskelige basalbehov
Bok / Book>>>
Jim Grayson Trulove:
Ten Landscapes: Shunmyo Masuno
Bok / Book>>>
"Zen og kunsten å skape en hage",
Artikkel i
Åpent rom>>>
"Banebrytande kunstprosjekt på BBB"
Artikkel i
På Høyden
NATASHA BARRETT
Hjemmeside / Homepage>>>
Adsonore>>>
THERESE CHRISTENSEN
Hjemmeside / Homepage>>>
JOHN COPLANS
Wikipedia>>>
Bøker / Books>>>
KARI DYRDAL
Kulturnett.no>>>
Culturenet.no>>>
ARNE MALMEDAL
I
Store Norske leksikon>>>
TOM SANDBERG
Wikipedia.no>>>
VIBEKE TANDBERG
Wikipedia.no>>>
BYGG FOR BIOLOGISKE BASALFAG /
BUILDING FOR BASIC BIOLOGICAL RESEARCH
Hjemmeside/Homepage>>>
Arkitekt / Architect:
Narud-Stokke-Wiig arkitekter as
Byggherre / Builder: Statsbygg